Archive for November, 2010


Sidan sist (…igjen)

Friday, 26.11.2010

Det har verken vorte tid eller ork til oppdateringar den siste tida. Eg er heime frå jobb for å prøve å få bukt med migrena mi, og eg har no hatt nokre dagar utan å kjenne snev av verk, lykke! I dag er planen å rusle tur, kanskje ta ein dukkert i varmen i pirbadet (…for ute er det 13 minusgrader), lage biscotti med sjokolade og mandlar, og å prøve julegåva frå mamma og pappa.

Sidan sist har eg…

Kjøpt meg stoff og anna utstyr på Stoff og Stil
Photobucket

Vore i Oslo (Og eg tok berre eitt einastebilde!)
Photobucket

Fått meg ein flott orkidè med svigermor
Photobucket

Laga julegåve til svigerfar
Photobucket

Spelt Mafia med Storebror, kjekt!
Photobucket

Ja, og så har eg fått i hus julegåva frå mamma og pappa :D


Eg har sydd!

Monday, 8.11.2010

Anna tok utfordringa mi på strak arm, og laga / la ut ei oppskrift på korleis ein lagar slike fine posar som ho gir vekk. …og no har eg jammen laga meg ein sjølv og!

Photobucket

Photobucket


Et klønete språk

Monday, 8.11.2010

Sjekk ut denne lille filmsnutten!

Genial, spør du meg :)