Archive for October, 2010


Bursdagsfeiring!

Sunday, 10.10.2010

Vi starta feiring av bursdagen min med grillfest på Graffi grill og bar i går kveld. Fantastisk god mat (i enorme mengder) saman med fine folk, ein perfekt start på feiringa! Etter mat gjekk vi til Kieglekroa for å spele Sjoelbak. Dei som ikkje har prøvd det burde verkeleg ta turen hit! Eit spel som ein kan flire så
mykje av skal du leite lenge etter.

Sjoalbak (tatt med dårleg kamera, dessverre)
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Eg har alt vore oppe ei stund og kosa meg. Eg har ete gele med vaniljesaus, leita fram brus og snacks (for det kan ein ete til frukost når ein har bursdag, nemleg) Føtene har eg godt plassert i gåva eg fekk frå Håvard i går kveld, ein utruleg deileg fotvarmar. Tusen, tusen takk Håvard!!
Photobucket

Med svigers har eg fått meg akkurat den snella eg ønska meg til den nye fisketroa Henrik held på å lage til meg! Tusen takk til begge to!
Photobucket


Home sweet home

Thursday, 7.10.2010

08.45 i gårtidleg gjekk eg om bord i flyet
Photobucket

Klokka 08.59 tok vi av frå Vigra
Photobucket

Eg klarte å halde meg vaken (så vidt), slik eg skulle få meg frukost
Photobucket

Vi flaug over Granåsen 10 minutt tidlegare enn forventa
Photobucket

Eg kom heim til tom leilegheit, og planen var å fylle i ei varmeflaske og kure under eit teppe på sofaen til Henrik kom heim frå jobb. Eg rydda og pusla litt, ein halvtimes tid, før eg var klar til å legge meg nedpå litt…. då ringde det på døra….
Photobucket

Søte, snille kjærasten min hadde teke seg fri frå jobb for å vere saman med meg. Og ikkje berre det! Han hadde med flotte roser og ingrediensar til pasta carbonara! Er eg ikkje heldig?
Photobucket


Soppsanking

Sunday, 3.10.2010

Utstyrt med ei bøtte til sopp, ein sekk med niste og alt for mykje kle, la eg og mamma ut på sopptur. Vi køyrde først inn på Fjellsætra, men gjorde vendereis ganske kjapt, grunna total mangel på sopp.
Photobucket

Photobucket

Deretter prøvde vi oss bort i skogen, i/ved eit plantefelt
Photobucket

Vi fann både gifig sopp…
Photobucket

…og etande sopp. Her er granmatriske
Photobucket

Til slutt kom bøtta mi til nytte…
Photobucket

Ein kantarell og ein traktkantarell
Photobucket

Etter litt leiting trudde vi at vi ikkje kom til å finne meir, så vi plukka, skar i, og undersøkte alle typar soppar vi kom over. Vi fann ut det var på tide å ete mat, og skulle berre finne ein passande plass. Medan vi gjekk, kika eg under ei lita gran… og der, DER var dei! Vi røyvde dei ikkje, for vi visste ikkje om vi hadde restar av giftig sopp på hender og utstyr… Etter ein tur heimom for å vaske hender og hente ny kniv og noko reint å legge soppen i, fann vi fram att til DEI flotte kantarellane!!

Photobucket

Store, flotte, saftige kantarellar!
Photobucket

Etter å ha plukka soppen, fann vi oss ein lun plass og tende opp stormkjøkkenet. Passande mat på ein slik tur må vel vere…Photobucket

og flotte koppar skal det vere :)
Photobucket

Kantarellsmørbrød i emning
Photobucket

Mange små snittar med kantarellstuing på. Fleire bilder rakk eg ikkje å ta, eg måtte nemleg hive meg over snittane før mamma, pappa og lillebror åt dei opp…
Photobucket

Etter mat vart det nokre rundar rummy med lillebror og frua
Photobucket

Eg vann! (og tapte ein gong)
Photobucket

Ja, og så har det kome katt i hus. Hels på Baileys :)
Photobucket