Archive for October, 2010


Orden i sysakene

Tuesday, 19.10.2010

I går kveld gjekk eg meg ein tur for å lufte hovudet. Turen gjekk innom OBS! for å sjå om dei hadde att av det lille garderobestativet eg såg før helga. Heldigvis hadde dei att! Eg kjøpte meg eitt, og gjekk sporenstreks heim for å montere det opp.

Photobucket

Photobucket

Etter montering bar det opp i loftsbua med det. Eg er så heldig at eg har fått masse stoffrestar med kleshengarfeste på, slik eg kan henge det fint opp (…og dermed kanskje bli litt motivert for å ta ned symaskina?)
Photobucket

Eit lite utval av stoffet
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket


Dalmannshornet

Sunday, 17.10.2010

Tirsdag i haustferien var eg og mamma på nok ein fjelltur for å leite etter sauene vi saknar etter sommarbeite. Vi starta på Strandafjellet, gjekk nesten til Dalmannshornet og nedatt til Liasætra på Stranda. Her kjem eit lite knippe av dei 200 bilda eg tok på turen. Å namngi fjelltoppar og slikt er eg ikkje meister på, så det let eg vere for denne gongen. Bli med på tur, og nyt bilda!

Vi starta på 544 moh.
Photobucket

Første mål: å kome seg opp til kløfta ca. midt i bildet
Photobucket

Photobucket

Flott utsikt frå råsa
Photobucket

Eg må seie eg grudde meg til å klatre opp denne ura her, for sjølv om det ikkje ser slik ut – det var bratt!
Photobucket

Vi fekk oss ei gledeleg overrasking, ei TRAPP, oppover heile ura!
Photobucket

Nydeleg utsikt, igjen!
Photobucket

Sjokoladepause må til
Photobucket

Første lille vatnet vi kom til
Photobucket

Fjell, fjell, fjell og… fjell
Photobucket

Eg måtte vise musklar… :)
Photobucket

Bilde tatt ned til Brunstadkollen
Photobucket

1209 moh.
Photobucket

..og vi skulle vidare oppover…
Photobucket

Vi gjekk i ur…
Photobucket

…og på bre
Photobucket

Mamma såg til og med steinsprang… :)
Photobucket

Etter langt om lenge og lenger enn langt slutta det å gå oppover… ca. 1330 moh.
Photobucket

På toppen var det så sterk vind at vi nesten ikkje var i stand til å halde oss på føtene, det var kaldt og vi hadde ikkje mobildekning. Vi visste ikkje kvar vi skulle gå nedatt, og frå der vi stod såg det ut til å vere stupbratt nedatt. Vi hadde ikkje nådd målet, men sidan det tok til å mørkne, torte vi ikkje gå lenger opp. Vi starta på turen nedatt nesten uten å stoppe opp på toppen.

Nesten målet.. å sjå på baksida av det fjellet eg, mamma og Henrik henta ned sauer frå under sauesankinga. Vi kom dessverre ikkje til slik vi fekk kikra så langt ned som ønska
Photobucket

På tur nedatt såg vi steinheller overalt, og mamma ville nok ha hatt med alle heim til steinbeda sine
Photobucket

Vi stoppa opp fleire gongar for å ta bilde av dei vakre fargane vi såg
Photobucket

Vi gjekk gjennom ein vakker bjørkeskog
Photobucket

Vel nede, 7 timar etter vi starta, kunne vi endeleg tenne opp primusen og lage oss varm drikke
Photobucket

…og begge var einige om at det hadde vore ein flott, lang, slitsom, morosam, bratt og vindfull tur :)


Kake, kake, kake

Wednesday, 13.10.2010

Det er snart (Les: veldig snart) på tide med ein lengre periode med salat, grovbrød og vatn. Feiringar og andre rare grunnar gjer at eg eg litt (Les: veldig) for mykje søte kaker. Henrik laga ostekake til bursdagen min, og det er restar i kjøleskapet enno.Photobucket

Eg laga ein heil bråte med mormors sveler, og Brage fekk seg minisveler
Photobucket

Photobucket

I dag måtte eg vente på Henrik ved Leütenhaven, og eg klarte ikkje å halde meg vekk frå Fairytale Cupcake. Eg kjøpte meg ei cupcake med sjokoladesmak, og tre små makronar. Eg har nemleg bloggen til ei som et og tek bilder av makronar titt og ofte, så no var det på tide eg testa dei ut. Cupcake var ikkje noko betre enn ein heilt alminneleg muffin med sjokoladesmørkrem, ikkje noko å skryte av med andre ord… Makronane skal vi smake når Henrik vaknar frå middagskvilda si :)

Fine lokalar har dei, det skal dei ha!
Photobucket

Søte små pakningar
Photobucket

Cupcakes
Photobucket

Tre små makronar
Photobucket