Rett etter jobb møttest eg og Elin i byen, og det har vi ikkje gjort på altfor lenge, kjenner eg. Det var finfint å vere litt saman utanom på jobb. Vi åt ein herlig middag på Lille Saigon før vi gjekk vidare til Choco Boco for å nyte kake, kaffi/kakao og nokre slag med rummy. Eg har hatt ein kjempefin ettermiddag, rett og slett!
Takk skal du ha ElinPelin :)
Mmm! Kakao med krem og vaniljemuffins


Elin kjøpte seg Feel Good-juice :)

Rummy, fine spelet som eg aldri blir lei av

Gler meg allereie til å ta revansje i rummy, og håpar det ikkje blir like lenge til neste gong vi går på cafè igjen!!
…lurer du på grunnen til mangel på kommentarar her ? …trur det er fleire enn eg som er misunneleg !
Pappa saknar ein full boks med “Ettermiddagskos”-kake han brukte å finne i kjøleskapet i gamle dagar (når dotter hans bodde heime…)
Gler oss til neste helg :-)
Det kan godt vere at det er misunning som gjer det ja :) Eg får vel bake ei kake når eg kjem heim tenkjer eg!
Gler oss vi òg!
Takk for hyggelig omtale :) Ja, d e klart vi må gå på kafè å spælla Rummy igjen snart! Hyggeli, hyggeli!
:) Gler meg allereie! Du lyt banke på kontordøra mi når du veit om ein dag det passar for deg!