Sidan sist

No er det verkeleg lenge sidan sist eg viste teikn til liv på sida mi. Sidan sist har stillinga mi vorte utvida til 100% og eg har fått meg eit trinn til å jobbe på, samt nye kontaktelevar på 7.trinn. Det seier seg vel sjølv at eg har hatt nok å gjere om dagane?

Sidan sist har eg…

…laga middag til to svoltne karar som var ute på jakt natt til laurdag
Photobucket

Mmm! Hasselback-poteter
Photobucket

…plukka rips
Photobucket

…og laga ripsisbitar til verdens beste Tantegutt :)
Photobucket

…tatt eit fint solskuggebilde av kjærasten
Photobucket

…vore med på partering av rådyr (Og smakt nysteikt rådyrkjøt for første gong, mmmm!)
Photobucket

Gutane held på med siste rest, som endte opp som grytekjøt
Photobucket

Mykje laurdagskos framover, sa du?
Photobucket

Og heilt til sist har eg studert lista som viser kva folk der ute har søkt på, og dermed funne sida mi…
Photobucket

I morgon skal eg på tur med eine trinnet mitt. Vi skal ha orientering, litt førstehjelp, og sist men ikkje minst – plantelære. Eg gler meg! Eg har allereie leita fram alle blomsterbøkene mine og lagt dei i sekken :) Gler meg til å lære engasjerte elevar namn på plantar og tre, slik min naturfaglærar gjorde då eg var på deira alder! Kakaoen skal med saman med eit par ekstra koppar til elevar som har gløymt sin. Nokre par varme ullsokkar må med, for det kan vel tenkast at det kjem ein og anna elev med joggesko (sjølv om det regnar).

2 Kommentarar til “Sidan sist”

  1. Anna says:

    :)
    Kor lurt med rips-isbitar då!

    Ser eg må ein tur oppover snart for å smake på både det eine og det andre :p

  2. mamma says:

    Synd at naturfaglærar Oddvar ikkje fekk oppleve å sjå resultatet av frøa han sådde hos deg. Ynskjer dykk ein spennande tur :-)

Legg igjen ein kommentar