Vi laga oss ein koseleg frukost

Vi pakka badetøy og fann fram til Storsjøbadet. Det var greit å starte dagen i badet når skodda låg så tjukk over byen
Etter bading og lunsj rusla vi i gågatene og kika i alle moglege butikkar. Eg fann bruktbutikken eg oppdaga sist eg var her, og der var det framleis berre skrap å finne

Kakao, vaniljekake og sitronsorbet på konditori :)

Etter shoppinga gjekk eg på geocachingtur i byen medan Anna køyrde tilbake til hytta for å ta med Luna på tur. Eg fann to cachar og den siste låg utanfor Jamtli museum

Anna henta meg, og så tok vi middagen på japansk restaurant

To herlege gryter som fræsa då vi fekk dei på bordet! Mmmm!

Desserten vår, frityrsteikt banan og is

Etter maten var vi så stappmette at vi køyrde rett heim til hytta. Vi spelte nokre omgongar 10.000 og yatzy før vi la oss, slitne etter ein lang og fin dag :)






















Trur oss må leite lenge etter mat som overgår den der!! mmM!
Eg fann slik mat i dag, som smakte endå betre altså :) Eg og Elin var på Lille Saigon til lunsj, mmmm!
Nektar eg å tru på!
[...] knipsa eg faktisk ikkje eitt einaste bilde, så om du vil sjå kordan vi hadde det, klikk deg innom Gunhild sitt innlegg. Den tredje dagen var véret strålande, så oss tok turen til Östersund skistadion. Eit rett [...]