45,03 av 77,76

I forgårs kveld pussa eg sykkelen min fin og rein, sjekka bremser og gir, pakka sekken, lada batteriet i kameraet mitt og oppdaterte GPS’en. Eg var klar som eit egg til ein sykkeltur frå Stjørdal til Trondheim.

I går tidleg kom eg meg på toget frå Leangen stasjon 09.17,
Photobucket

Photobucket

og etter ein liten halvtime var eg framme på Stjørdal stasjon.
Photobucket

Eg sykla rett inn til “sentrum” for å kjøpe meg frukost, og for å få kjøpt drikkeflaskestativ til sykkelen. Det låg an til å bli veldig varmt, så drikka måtte eg ha lett tilgjengeleg.
Photobucket

Langt, sa du?
Photobucket

Her fann eg dagens andre cache, han var skikkeleg godt gøymd og eg skulle ønske eg kunne vise han fram til heile verda, men eg gjer det ikkje.
Photobucket

Ved Hell stasjon ringde eg Henrik frå ein raud telefonkiosk. Henrik vart veldig glad, og eg fann ein cache :)Photobucket

Like ved Hell stasjon var det ein cache til, og her kan eg legge ut bilde utan at det avslørar noko
Photobucket

Photobucket

Like etter Hell stasjon fann eg både ei fin (og full) badestrand og fine fiskeplassar. Dit skal eg ta med Henrik for nokre kast med fiskestonga!
Photobucket

Photobucket

Kobbskjæret
Photobucket

Utsikt mot Billedholmen
Photobucket

Utsikt frå Billedholmen
Photobucket

Rett etter Billedholmen runda eg 1 mil på sykkelen, og eg hadde enno ikkje starta på turen heimover… I brattaste brattbakken etter Hell fann eg enorme mengder jarbær, og eg vurderar å ta turen på nytt berre for å få plukka dei opp i ei spann. Photobucket

Dei lange og tunge bakkane gav utteljing, for på toppen var det ei fantastisk utsikt…
Photobucket

…og ein cache!
Photobucket

Rett før Hummelvika runda eg 2 mil på sykkelen…
Photobucket

…og skilta viste at det var 2,5 mil igjen…
Photobucket

Eg gledde meg til ein stor Softis i Hummelvika, men slikt dreiv dei ikkje med der… Det var kun pinneis å få
Photobucket

Etter å ha sykla langt og lenge og lenger enn langt, så fann eg ein cache på ein parkeringsplass…
Photobucket

…og runda 3 mil på sykkelen!
Photobucket

Sykla innom Malvik kyrkje for å skrive meg i loggboka til ein cache til
Photobucket

Photobucket

Napolitana pizzaria i Malvik redda meg frå å tisse i buksa og eg tok like godt ei litt lenger pause her (Sidan det ikkje var behageleg å kvile rompa på sykkelsetet lenger)
Photobucket

Dagens middag (Nei, eg var ikkje på treningstur, så usunn mat var veldig lov!)
Photobucket

Etter mat trødde eg på heilt til Malvik skule, der eg fann ein cache
Photobucket

I staden for å sykle rundt Hundhammaren, gikk eg like godt over… flott usikt!
Photobucket

På toppen av Hundhammaren fann eg ein sti inn til ei fin lita lysning i skogen med utsikt heilt til Nidaros!Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Nede på andre sida, ved den mykje omtalte Være-bommen fann eg dagens siste cache
Photobucket

Snaaaaart heime!
Photobucket

Eg runda 4 mil!
Photobucket

…ei lita halvmil seinare var eg heime!
Photobucket

Og eg hadde sykla i over 4 timar!!
Photobucket

Fakta
Avreise: 09.00
Vel heime igjen: 18.30
Tur, totallengde: 77,82 km
Tur, sykla distanse: 45,03
Sykkeltid: 4 timar og 10 minutt
Geocachar: 13

Etter å ha slappa av litt smakte det ekstra godt med kveldsmat, rista loff med brunost og ein kopp kakao til! Herleg avslutning på ein kjempefin dag!
Photobucket

Photobucket

Og der trudde du innlegget var slutt, men det var det ikkje! Eg vil vise fram denne flotte gøymestaden for ein cache, er dei ikkje dyktige alle dei som legg ut cachar vi kan leite opp?
Photobucket

10 Kommentarar til “45,03 av 77,76”

  1. Anna says:

    OI! Ser ut som du har hatt ein KJEMPEFLOTT tur! Nydelege bilde! Artig å få “vere med” på tur :)

    Støl i raua? :p

  2. Ah! For en flott tur! Masse fine bilder og god inspirasjon til å komme seg ut på en sykkeltur. Ikke minst god cachefangst! Den siste var jo råfin!

    Neste sykkeltur kan bli “Klæburunden” så kan du prøve deg på noen av mine utlagte.

  3. Gunhild says:

    Det var ein kjempeflott tur Anna! Vi skal nok få logga nokre på tur til og i Østersund også! Er faktisk ikkje støl i det heile tatt, berre litt sår i baken etter å ha gnura ho mot setet litt for lenge :p

    Det er berre å hive seg på sykkelen ja, for det var kjempekjekt å berre kunne hoppe av og logge, utan å tenke på parkering og slikt. Ja, var han ikkje fin? Tenkte eg ikkje skulle røpe kvar eg fann han, sidan du les her ;)

    Klæburunden får bli med bil trur eg, eller er det ein fin sykkelrunde det òg? Eg fann forresten cachen på Østmarkneset… han låg der vi alle leita :)

  4. Torunn says:

    Du slo meg med tre kilometer…:o) I tillegg var din tur utrolig mer kupert, særdeles innholdsrik – og imponerende veldokumentert. Ditt blikk for detaljer er misunnelsesverdig! Ønsker dere ei riktig god helg :o)

  5. Gunhild says:

    :) Sleit meg opp (og ned) nokre bakkar ja, men sjølv på flatmark er slike turar beundringsverdige!

    Du har da slik eit flott kamera du òg! Kvar vert det av bilda?

    God helg til dokke også, og nyt matfestivalen litt for meg òg!

  6. tante Randi says:

    Helsing frå Katerini Hellas : Viss du trur at mamma ikkje fyljer med på det du gjer om ho er i Hellas,så tek du feil !
    Takk for turen :)
    Helsing rante Tanti og mamma.
    (no skal vi på badestranda. Vi skal ta heisa ned i garasjen,onkel Themis si nye Merce til solsenga)

  7. Gunhild says:

    Hahaha, rekna med du (dokke) ikkje klarte å halde dokke offline ;)

    Kos dokke på stranda! (Neida, ej e ikkje litt misunneleg ein gong!!)

    Hels alle og nyyyyyyyt ferien!

  8. Birgitte says:

    Åh for en fantastisk tur. Du er så flink å være aktiv, jeg blir inspirert tilå ta meg en tur jeg og.

    forresten: kærsj pink pinneis= Meget bra valg ;)

  9. Gunhild says:

    Takk for fin kommentar :)

    Eg prøvar så godt eg kan å vere aktiv no i ferien slik at dagane ikkje skal forsvinne opp i ingenting…

    Det er den beste saftisen eg får :)

  10. [...] Planen var å teste fiskelykka ved Billedholmen, ein fin liten holme eg fall for då eg var på sykkeltur i fjor sommar. Trass i at det ikkje var fisk å få, hadde eg ein fantastisk tur! Eg fekk nemleg sett blåveis [...]

Legg igjen ein kommentar