I går tidleg kom eg meg på toget frå Leangen stasjon 09.17,

og etter ein liten halvtime var eg framme på Stjørdal stasjon.

Eg sykla rett inn til “sentrum” for å kjøpe meg frukost, og for å få kjøpt drikkeflaskestativ til sykkelen. Det låg an til å bli veldig varmt, så drikka måtte eg ha lett tilgjengeleg.

Her fann eg dagens andre cache, han var skikkeleg godt gøymd og eg skulle ønske eg kunne vise han fram til heile verda, men eg gjer det ikkje.

Ved Hell stasjon ringde eg Henrik frå ein raud telefonkiosk. Henrik vart veldig glad, og eg fann ein cache :)
Like ved Hell stasjon var det ein cache til, og her kan eg legge ut bilde utan at det avslørar noko

Like etter Hell stasjon fann eg både ei fin (og full) badestrand og fine fiskeplassar. Dit skal eg ta med Henrik for nokre kast med fiskestonga!

Rett etter Billedholmen runda eg 1 mil på sykkelen, og eg hadde enno ikkje starta på turen heimover… I brattaste brattbakken etter Hell fann eg enorme mengder jarbær, og eg vurderar å ta turen på nytt berre for å få plukka dei opp i ei spann. 
Dei lange og tunge bakkane gav utteljing, for på toppen var det ei fantastisk utsikt…

Rett før Hummelvika runda eg 2 mil på sykkelen…

…og skilta viste at det var 2,5 mil igjen…

Eg gledde meg til ein stor Softis i Hummelvika, men slikt dreiv dei ikkje med der… Det var kun pinneis å få

Etter å ha sykla langt og lenge og lenger enn langt, så fann eg ein cache på ein parkeringsplass…

Sykla innom Malvik kyrkje for å skrive meg i loggboka til ein cache til

Napolitana pizzaria i Malvik redda meg frå å tisse i buksa og eg tok like godt ei litt lenger pause her (Sidan det ikkje var behageleg å kvile rompa på sykkelsetet lenger)

Dagens middag (Nei, eg var ikkje på treningstur, så usunn mat var veldig lov!)

Etter mat trødde eg på heilt til Malvik skule, der eg fann ein cache

I staden for å sykle rundt Hundhammaren, gikk eg like godt over… flott usikt!

På toppen av Hundhammaren fann eg ein sti inn til ei fin lita lysning i skogen med utsikt heilt til Nidaros!
Nede på andre sida, ved den mykje omtalte Være-bommen fann eg dagens siste cache

…ei lita halvmil seinare var eg heime!

Og eg hadde sykla i over 4 timar!!

Fakta
Avreise: 09.00
Vel heime igjen: 18.30
Tur, totallengde: 77,82 km
Tur, sykla distanse: 45,03
Sykkeltid: 4 timar og 10 minutt
Geocachar: 13
Etter å ha slappa av litt smakte det ekstra godt med kveldsmat, rista loff med brunost og ein kopp kakao til! Herleg avslutning på ein kjempefin dag!

Og der trudde du innlegget var slutt, men det var det ikkje! Eg vil vise fram denne flotte gøymestaden for ein cache, er dei ikkje dyktige alle dei som legg ut cachar vi kan leite opp?








































