Archive for June, 2010


Eitt år

Friday, 18.06.2010

Eg er ferdig med mitt første år som lærar, og det er ufatteleg godt med ferie. Etter streika har vi stått på som fy for å få til ei avslutningsforestilling for elevane våre. Vi stod på alle saman, store og små, og vi fekk til ei forestilling på 40 minutt. Fellessongar, dans, bildeframsyning og solosongar gjorde det heile til ei fantastisk forestilling. Dessverre fekk vi ikkje vist ho fram for heile skulen, men 1. og 6. trinn fekk kome å sjå på generalprøva vår. Ut på kvelden fekk elevane vist ho fram for foreldre, søsken, besteforeldre, og ikkje minst rektor. Etter framsyninga fekk alle elevane kvar si rose, og det vart ei høgtideleg stund. Vi lærarane fekk kvar sin flotte kopp frå foreldra, og roser frå elevane. Ei langstilka, nydeleg, raud rose frå kvar av kontaktelevane våre. Mange hadde skrive fine, søte, rørande, ærlege og morosame kort også. Eg har lese korta fleire gongar, og set meir og meir pris på ærlegheita som born så naturleg har i seg.

Eg er ein flink lærar.
Eg er støttande.
Eg eg er streng, men rettferdig.
Ein skal leite lenge etter ein så god lærar som meg.
Eg kjem til å verte sakna.

Borna har talt, og eg vel å ta til meg alt dei har skreve i korta sine :)

Photobucket

Photobucket

Lesarane mine må nok ha kryssa fingrane etter å ha lese det siste streikeinnlegget mitt, og det har vist seg å fungere også! I går skulle eg ha fått ei rose med rektor som takk for innsatsen det året eg har vore på skulen min. Ein liten halvtime før sommarlunsjen, ei markering for å avslutte skuleåret som er omme, vart eg kalla inn på kontoret til rektor. EG SKAL PÅ JOBB FRÅ 17. AUGUST!!! 50 % fram til 31.12, med stooor sjanse for å få minst 100% til saman, og med sjanse for at vikariatet vert utvida i tid :) Herleg! Så, i staden for å få ei rose som takk for innsatsen, fekk eg ho fordi eg har jobb frå hausten av!

Det er ferie! EG har ferie! Eg har FERIE! Og om 5 dagar er koffertane våre pakka og klare, og vi er på tur ut døra til flyplassen. 3 deilege veker i Thailand står for tur, med dykkekurs, jungelsafari og spahotell :D


Oppdatering

Sunday, 13.06.2010

Harddisken i Macen min takka for seg på fredag :(
Heldigvis er eg flink til å ta sikkerheitskopiar og like flink til å ikkje slette noko frå minnekortet i kameraet mitt, så eg mista ikkje eit einaste bilde! Takk og pris!
Nokre dokument og litt filmar forsvann, men det er heldigvis ikkje uerstatteleg.

Eg har allereie kjøpt og sett i ein ny harddisk, og når eg berre får ordna opp slik at alt er som før så kjem det nok ei oppdatering med bilder :)

Ha ein finfin søndag alle saman!


Siste streikedag

Wednesday, 9.06.2010

Då er siste streikedag over, og i morgon skal vi tilbake på jobb. Eg håpar vi får avslutta skuleåret på ein god måte, trass i at vi har tapt mykje tid som skulle brukast på øving til avslutningsforestilling. Dagane framover går nok med til øving på fellessongar, talar, nokre solonummer og litt dans, så må vi rydde og samle inn bøker. Halvparten av elevane skal besøke ungdomsskulen sin og resten trur eg skal få vere med på sykkeltur. Vi skal i fjøra og grille og vi skal prøve å få til ei fotballturnering. Alt i alt håpar eg altså at elevane mine får ei fin avslutning på barneskuleåra, og at eg får ei fin avslutning på mitt første år som lærar på heiltid. Ja, og så håpar eg at eg får jobbe saman med dei same flotte folka i mange, mange år framover! (Så kryss fingrane for at eg skal får meg jobb til hausten!)

Photobucket