Eg er ferdig med mitt første år som lærar, og det er ufatteleg godt med ferie. Etter streika har vi stått på som fy for å få til ei avslutningsforestilling for elevane våre. Vi stod på alle saman, store og små, og vi fekk til ei forestilling på 40 minutt. Fellessongar, dans, bildeframsyning og solosongar gjorde det heile til ei fantastisk forestilling. Dessverre fekk vi ikkje vist ho fram for heile skulen, men 1. og 6. trinn fekk kome å sjå på generalprøva vår. Ut på kvelden fekk elevane vist ho fram for foreldre, søsken, besteforeldre, og ikkje minst rektor. Etter framsyninga fekk alle elevane kvar si rose, og det vart ei høgtideleg stund. Vi lærarane fekk kvar sin flotte kopp frå foreldra, og roser frå elevane. Ei langstilka, nydeleg, raud rose frå kvar av kontaktelevane våre. Mange hadde skrive fine, søte, rørande, ærlege og morosame kort også. Eg har lese korta fleire gongar, og set meir og meir pris på ærlegheita som born så naturleg har i seg.
Eg er ein flink lærar.
Eg er støttande.
Eg eg er streng, men rettferdig.
Ein skal leite lenge etter ein så god lærar som meg.
Eg kjem til å verte sakna.
Borna har talt, og eg vel å ta til meg alt dei har skreve i korta sine :)

Lesarane mine må nok ha kryssa fingrane etter å ha lese det siste streikeinnlegget mitt, og det har vist seg å fungere også! I går skulle eg ha fått ei rose med rektor som takk for innsatsen det året eg har vore på skulen min. Ein liten halvtime før sommarlunsjen, ei markering for å avslutte skuleåret som er omme, vart eg kalla inn på kontoret til rektor. EG SKAL PÅ JOBB FRÅ 17. AUGUST!!! 50 % fram til 31.12, med stooor sjanse for å få minst 100% til saman, og med sjanse for at vikariatet vert utvida i tid :) Herleg! Så, i staden for å få ei rose som takk for innsatsen, fekk eg ho fordi eg har jobb frå hausten av!
Det er ferie! EG har ferie! Eg har FERIE! Og om 5 dagar er koffertane våre pakka og klare, og vi er på tur ut døra til flyplassen. 3 deilege veker i Thailand står for tur, med dykkekurs, jungelsafari og spahotell :D
Du e dyktig!
Gratulere so mykje med eit vel gjenomført første år som lærar, og med vidare jobb :D
Du fortjena både rose, fine ord og hærlig ferie attmed Henrik :D
Takk, takk og takk :)
Vi gler oss stort på dine vegne og er veldig stolt av jenta vår !!!
Du har tydelegvis allereie “knekt koden” som lærar og fortenar all ros du får.
Tusen takk for alle fine “reportasjar” gjennom læraråret ditt! Vi ynskjer deg og Henrik ein fantastisk ferie og gler oss til nye innlegg på sida di!
Klem frå mamma & pappa
Forstår godt at de er stolte :p Det kjem nok fleire reportasjar i året som kjem, håpar eg. (Altså, eg håpar at eg får tid til å halde bloggen oppdatert)
Vi skal prøve å oppdatere alle heime medan vi er på tur, og om vi ikkje får til det så blir det nok ei storslått framsyning av bilder når vi kjem heim :)