Hei igjen!
Lurer du fælt på korleis vi har det på tur? Litt spent på å høyre om hotellet vårt er bra? Då kan du for eksempel kopiere denne linken og lime han inn i nettlesaren din. http://www.kotaoresort.com/
Vi har det steikje bra! Henrik ligg og søv ved sida av meg i vår enormt store seng, større enn kingsize! Vi har vore på hotellets restaurant og ete kjempegod mat. Henrik ville vere sikker på å få fylle magen heilt opp, så han køyrde safe og kjøpte seg ein stor hamburger med chips. Eg derimot… (…har ikkje sett inn på kjøkkenet her…) så eg bestilte meg både vårrullar, suppe og steikte nudlar. For all den maten + kvar si brus og ei stor flaske vatn betalte vi 600 baht inkludert 62 baht i tips. 600 baht = 120 Norske kroner, sa du rimeleg mat?
Eg har snart skrive ferdig dagens reisedagbok og lurer på om eg skal ta meg eit nattbad. Vi ligg altså 5 timar før Norge, så her er klokka litt over 22 no. Likevel er det 30 grader og fin badetemperatur både i bassenget og i sjøen.
I morgon startar dykkerkurset mitt, og på Laurdag er eg truleg ein sertifisert dykker :D Eg både gler og grur meg. Kven vil vel ha eksamen i ferien sin?
Helsar til alle kjente der heime, og reknar med at Henrik også vil helse heim….han er nok berre for trøytt til å seie det :)
Solmodne klemmar frå oss på Koh Tao!














