Forma har ikkje vore på topp den siste veka, og eg har ikkje orka å “styra” med bilder og oppdateringar. No er vi snart klare for å fare på telt/lavvo/hyttetur med ein heil haug med folk. Det regnar og er surt, men vi hiv oss i veg likevel. Her kjem ei rask oppdatering frå 18. mai til i går….
Eg har gått lange rusleturar med meg sjølv og skuggen min

Eg har smakt Cloudy Lemonade (….ikkje særleg god…)

Finaste assistenten i heile verda har reist tilbake til barnehagejobben sin, og vi på teamet fekk ei veldig passande gåve og eit kjempefint kort! Takk Jannicke!

Jannicke skulle få blomster med oss, men på gunn av streika fekk vi ikkje ordna med det. Det passa seg fint at eg gjekk forbi masse minneblomar på tur til jobb…

Eg er tatt ut i streik. Vi streikar for likelønn og betre lønnsutvikling. Streika er også ein kamp for kunnskap, tryggheit og helse.






























