Hytte-telttur

Fredag pakka vi sekkar, soveposar og liggeunderlag, fiskeutstyr og varme kle. Laurdag bar det i veg til Heimsjø i Hemne kommune. Vi var til saman 8 som reiste på tur, ein flott gjeng med andre ord.
Photobucket

Ein liten båttur måtte til for å kome til hytta
Photobucket

Det regna, så varme og vanntette kle måtte på
Photobucket

Det første vi gjorde var å tenne opp i omnen
Photobucket

Koseleg!
Photobucket

Eg, Henrik, Espen og Jacopo tok ein tur ut i båten. Eg fekk ein fin lyr, Jacopo fekk æra å bløgge fisk for aller første gongPhotobucket


Vi fekk berre ein fisk då vi var ute med båten. Eg laga to fine filetar av han, og panerte han i små fingerbitar. Det vart fantastisk godt, og plutseleg ville alle vere med ut for å få meir fisk. Vi stod på svaberga og prøvde lykka kvar sin gong. Det kom ein del småfisk på kroken, men 5 flotte fiskar fann vegen til bøtta vår.


Henrik sløya fisken, og eg fileterte han
Photobucket

Photobucket

Flotte filetar
Photobucket

Medan vi stelte fisken laga dei andre klart til mat oppe ved hytta
Photobucket

Eivind laga fish’n chips på stormkjøkkenet mitt
Photobucket

Photobucket

Ein time sidan fisken levde det gode liv i sjøen…
Photobucket

Nydeleg!!
Photobucket

Espen og Henrik slo opp teltet vårt, og etter mat var det på tide å finne soveposen
Photobucket

Klokka 8 var eg påkledd og klar for fisketur, dei 7 andre steinsøv
Photobucket

Morgonstemning
Photobucket

Ein liten krabat eg fann i ein liten dam
Photobucket


Sett inn ein fantastisk fiskehistorie her (om du har høyrt ho)


Fangsten min! Største fisken eg har fått nokon sinne! *stolt*
Photobucket

Photobucket

Torsken hadde akkurat ete frokost, for denne krabba klamra seg fast i gjellane hans…
Photobucket

Dagens fangst! Eg gav han vekk til foreldra til Monica :)
Photobucket

Eg, Monica og Espen fòr for å levere fisken, dei andre stod att og fiska meir
Photobucket

Utsikt frå hytta til foreldra til Monica
Photobucket

…fiskarane stod pal til vi kom att
Photobucket

Etter å ha levert fisken rydda vi hytta og gjorde alt klart til heimreisa. Eivind brukte tida til å førebu ein natursti for oss, kjekt!Photobucket

Photobucket

Så var det tid for heimreise…Photobucket

Photobucket

Heimsjø marina – hit kjem vi nok igjen skal du sjå!
Photobucket

Takk for ein fantastisk tur alle saman! Eg har hatt ei herleg helg, med flotte opplevingar saman med utruleg kjekke folk! Gler meg allereie til neste tur!

4 Kommentarar til “Hytte-telttur”

  1. Anna says:

    WoW! Nesten halvparten av di lengde den der torsken!
    STORfisker :D

    Ser ut som dåkke hadde en kjempetur :D

  2. Gunhild says:

    Vi hadde ein fantastisk fin tur!!

    :D Gler meg allereie til neste gong!

  3. Monica says:

    Stor kosa oss m dokk vi å..
    Å dokk får bli m seiner å :) glæde mæ :) <3

  4. Gunhild says:

    Vi skal nok bli med fleire gongar ja :)

    Gler oss!

Legg igjen ein kommentar