2000 oppmøtte syng “Pay me my money down” Stort!

![]()
![]() ![]() |
Archive for May, 2010Dagen i dagSkyåsparkenHytte-telttur
Ein liten båttur måtte til for å kome til hytta Det regna, så varme og vanntette kle måtte på Det første vi gjorde var å tenne opp i omnen Eg, Henrik, Espen og Jacopo tok ein tur ut i båten. Eg fekk ein fin lyr, Jacopo fekk æra å bløgge fisk for aller første gong Medan vi stelte fisken laga dei andre klart til mat oppe ved hytta Eivind laga fish’n chips på stormkjøkkenet mitt Ein time sidan fisken levde det gode liv i sjøen… Espen og Henrik slo opp teltet vårt, og etter mat var det på tide å finne soveposen Klokka 8 var eg påkledd og klar for fisketur, dei 7 andre steinsøv Ein liten krabat eg fann i ein liten dam Torsken hadde akkurat ete frokost, for denne krabba klamra seg fast i gjellane hans… Dagens fangst! Eg gav han vekk til foreldra til Monica :) Eg, Monica og Espen fòr for å levere fisken, dei andre stod att og fiska meir Utsikt frå hytta til foreldra til Monica …fiskarane stod pal til vi kom att Etter å ha levert fisken rydda vi hytta og gjorde alt klart til heimreisa. Eivind brukte tida til å førebu ein natursti for oss, kjekt! Takk for ein fantastisk tur alle saman! Eg har hatt ei herleg helg, med flotte opplevingar saman med utruleg kjekke folk! Gler meg allereie til neste tur! |
![]() ![]()
![]() ![]() ![]() |