I går kveld la vi ein slagplan for dagen i dag. Vi hadde eigentleg planar om å ta oss ein fisketur, men vi skifta meining før vi la oss. Målet vart geocaching langs Ladestien. Vi stod rett nok ikkje opp så tidleg som planlagt, men var klare til å gå ca. 11.
Highway to heaven?
Nydeleg utsikt!

Ein slags bauta som står på toppen av Ladehammeren



Første cache fann vi litt inne i skogen på Ladehammeren


Det var mykje folk i Korsvika (vi må tilbake for å finne cachen her)

Cache nummer 3: Kikker’n

Utsikta frå Kikker’n

Ved Østmarkneset vart vi verande å leite ei stund. Vi møtte på ein liten flokk med andre geocaching-entusiastar. Kom i prat med ein triveleg kar som var ute i same ærend som oss. Dessverre måtte vi gå vidare utan funn her. Vi skal garantert tilbake hit å leite meir!
Eg fann i det minste eit fint fotomotiv!
Rett før Sponhuset fann vi cache nummer 3 for dagen

Fine steinar

Siste stopp: Vaflar på Sponhuset


Vi gjekk gjennom Ringve botaniske hage på tur heim, der fann vi dagens cache nummer 4

…og begge var einige om at det hadde vore ein fin tur…