Archive for March, 2010


Earth Hour

Sunday, 28.03.2010

I går kveld frå klokka 20.30 – 21.30 var vi med på markeringa Earth Hour. Vi var også med i fjor, då skrudde vi av hovudsikringa og gjekk ein times tur. Sidan eg hadde feber og ikkje var heilt i form, valde vi i år å halde oss inne. Vi skrudde av alle lys og det meste av andre straumslukarar. Vi tende lys og såg ein episode av BBC sin TV-serie Planet Earth, ein serie med vanvittig flott filming og kvalitet!

Vi såg episoden som handla om verdas ørkenar
Photobucket


Påskekaktus

Saturday, 27.03.2010

Det er påske, og akkurat som bestilt, har årets påskekaktus opna ein blome!
Photobucket


Skidag

Thursday, 25.03.2010

Trass i at eg burde heldt meg heime i dag, var eg på skidag saman med elevane mine. Eg storkosa meg saman med elevane, og det er kjekt å vere saman med dei i ein annan setting enn til dagleg. Eg har mange flotte bilder av elevar som svevar i lufta i alle moglege positurar, men dei får eg ikkje delt med lesarane mine. Omrisset av ein elev derimot, det kan eg publisere :)

Photobucket