Lianvatnet

Tursekk med stormkjøkken, mat, kvikklunsj og seteunderlag var pakka allereie i går kveld. Vi kom oss opp og i veg i rett tid i dag, målet var Lianvatnet. Henrik hadde leita fram fleire geocachar på gpsen sin, og vi var klare for ei lita påskeutflukt.

Vi tok trikken opp til endestasjonen, Lian
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Vi gjekk rundt heile Lianvatnet…
Photobucket

Photobucket

…og på turen fann vi første del av ein geocache. Inne i boksen låg det ein lapp med koordinatane til hovudboksen. Denne boksen fann vi dessverre ikkje, men vi er rimlege sikre på kvar vi finn han. Truleg ligg han godt gøymt under snø og is. Vi har allereie planar om ein ny runde når snøen har reist for vinteren.

Photobucket

Etter å ha gått runden rundt vatnet var det på tide med litt mat
Photobucket

Vi kokte vatn på stormkjøkkenet mitt…
Photobucket

…og testa desse grytene
Photobucket

Photobucket

…og sjølvsagt kosa vi oss med kvikklunsj og solo
Photobucket

Og begge var einige om at det hadde vore ein fin tur!

Legg igjen ein kommentar