Paracord-armband

Henrik har handla på Ebay, igjen. Denne gongen likte eg faktisk det han hadde kjøpt :) Han har nemleg kjøpt metervis med fallskjermline i ulike fargar! Etter at vi kom heim frå turen vår i dag har vi fletta oss armband. Eit slikt armband består av omtrent 2 meter fallskjermline, og det er meininga at ein skal kunne ta det frå kvarandre att. Til dømes om ein er på fjelltur og treng litt kraftig snor, kan ein ta det opp og bruke lina til det en måtte ønske. Mange eg kjenner som går på turar i skog og mark, kjem nok til å gå med eit slikt eit på sin neste tur.

Fallskjermline i ulike fargar
Photobucket

Smø søte spenner
Photobucket

Dei ferdige armbanda våre
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Legg igjen ein kommentar