I går opna altså Søstrene Grene i Trondheim, og eg susa rett til byen etter jobb. Det såg lovande ut frå utsida, og det er verkeleg ein flott butikk. Bakdelen på ein slik dag, altså opningsdagen, er køa… Eg var inne i butikken kanskje 40 minutt til saman, og eg stod i kø i 35 av dei. Eg må nok ta turen igjen når “alle” andre har gått lei.
Hyller med alskens ting og tang

Kasser med krimskrams og godsaker

Eg gjekk til denne kassa, den andre var for dei tøffe

Eg klarte å fylle ein pose, trass i den lange køa

Tortillachips med paprika og chilli-smak

Søte skeier til Tanteguten kjem på middagsbesøk




























