I dag har eg kosa meg! (Ja, i dag òg!) Eg og Kristin har vore på gjenbrukstur til Stjørdal, og på turen heim tok vi turen innom endå ein gjenbruksbutikk og ein nyopstarta fin liten butikk m/kafè. Her kjem rapport frå turen, hovudsakleg i bilder, som vanleg.
I går var det 20 minusgrader, og dette var det eg vakna til i dag
Eg tende opp i omnen og laga meg frukost….

…og plotta inn første del av dagens reiserute


Først tok vi turen til ContainerGirl for å sjå etter skattar. Og skattar fann vi! Eg fann endå ei bok i serien Barnas Hobbybibliotek,
så no har eg 3.
Her er det skattar å finne for alle og ein kvar!







….og mykje å få latterkrampe av :D

Etter å ha besøkt ContainerGirl tok vi turen til
Sareptas Krukke som ligg i Kjøpmannsgata 2 i Stjørdal.


…som også har dill og dall, alt og ingenting. Herleg butikk!



Eg fann meg jammen ein skatt her òg!

Kristin hadde høyrt at det var ein gjenbruksbutikk
i Hommelvik, og vi fann han!
Etter dette besøket var det på tide med litt mat (les: søtsaker) i magen. Etter litt sightseeing endte turen hos Milde Mathilde og Drillpikene, der dei driv kles/tingbutikk og kafè i same lokala. Kristin fann seg ei kul sommarbukse, og eg knipsa bilder.



Vi kosa oss med kakao med krem, vaffel og kake. Mmm!


Takk for turen Kristin! Eg storkosa meg, og gler meg til neste gong!