Archive for January, 2010


Kakaokos

Saturday, 23.01.2010

Etter ein fantastisk fredagskveld nyt eg no ein fantastisk laurdagsmorgon. Henrik ligg i senga og småsnorkar, eg har allereie fyrt i omnen og tent alle 18 telysa eg har i stova. No har eg lagt meg på sofaen med teppe, bok og kakao. Eg har laga meg ein termos med kakao, tru det eller ei. Då slepp eg nemleg å stå opp for kvar gong eg vil ha påfyll med kakao, og eg kan ligge her til termosen er tom :)

Photobucket

Photobucket


Helg!

Friday, 22.01.2010

Det er endeleg helg! Kvelden skal brukast til minst mogleg, og eg skal rett og slett gjere akkurat det eg har lyst til – når eg har lyst. Veka har vore lang, men vart avslutta med e perfekt økt på Leangen isbane. Eg tok ikkje med meg skøyter, ganske enkelt fordi det framleis var dagslys… :p

No skal eg kose meg framfor omnen, nyte ein kopp grønn te og litt kokesjokolade. Ja, det er ein slik dag igjen…men eg skal ikkje la dèt øydelegge fredagen min!

Photobucket


Ein månad til

Thursday, 21.01.2010

Woohoo! Eg har arbeid ein månad til, ut februar :D
Så, i dag har eg pynta plassen med eit par teikningar…

Photobucket

Ein kjole, designa berre til meg
Photobucket