Archive for January, 2010


Aksjon Haiti

Thursday, 28.01.2010

I dag har skulen min arrangert Aksjon Haiti. Det har vore konsert, Løp for Haiti, loppemarknad og kafè med salg av bollar, saft og kaffi – Samtlege elevar og lærarar har delteke! Vi gler oss til å sjå det samla resultatet, som truleg kjem litt ut i neste veke. For ein herleg dag! Eg har kapra nokre bøker, ei lykt, ei jakke til Daniel, ei leike og ein ullbody til Brage – Fekk alt for ein slikk og ingenting, men la litt ekstra i kassa. Eg har valgt å “kun” gi på denne måten, så då gav eg heller litt rikeleg!

Enorme mengder lopper….
Photobucket

…og dette er berre ein bitteliten del…
Photobucket

Søt?
Photobucket

Etter jobb var eg heilt utkøyrd. Eg ordna det litt koseleg på stova, lot rot vere rot i resten av heimen, og leita fram fargeblyantar og stempel. No er eg i gang med fargelegging, så kanskje får akkurat du eit kort i posten snart?

Photobucket


Mandagstema

Monday, 25.01.2010

Vekas mandagstema er ordet LENGSEL.

Eg lengtar etter…


…å finne hestehov i vegkanten
Photobucket

…å plukke årets første kvitveis
Photobucket

…tante i Australia
Photobucket

…lillebrors ostekake
Photobucket

…Maria-tid, med latter og moro
Photobucket

…å kunne så frø i potter og glas
Photobucket

…mammas nydelege sommarblomster
Photobucket

…spelekveldar med mamma og lillebror
Photobucket

…kosestund med søte små lam
Photobucket

…jordbærblautkake
Photobucket

…hytteturar med familien
Photobucket

…kanotur og bålbrenning
Photobucket

…sommer, sol og ferie
Photobucket

Kva lengtar du etter?


Søte Henrik

Saturday, 23.01.2010

Som sagt var fredagskvelden fantastisk. Eg sovna på sofaen, og då eg vakna dufta det taco i heile leiligheita. Henrik lèt meg søve medan han laga middag… var han ikkje søt?

Etter ein sein frukost (pinnekjøt-restar til meg, tacorestar til Henrik) kura eg meg saman under pleddet og sovna. Medan eg søv hadde Henrik tatt turen til butikken og handla mat og drikke til i kveld, og middag til i morgon. Eg vakna av at kaffimaskina dura… litt etter kom søte Henrik med varm kaffi og donut til meg.

Tusen takk kjærasten min :)

Photobucket