Eg har vore på personalseminar frå i går til i dag, og eg må seie eg har storkosa meg. Vi starta dagen på jobb, med foredrag om mobbingens psykologi – som var steikje bra! Dernest tok vi turen til Storlien. Ettermiddagen, kvelden og natta vart brukt til å ha det kjekt ilag! Vi fekk servert god mat, alle bidrog med underhaldningsinnslag, talar, songar, dans og mykje anna. Vi på rommet mitt tok vel kvelden i 2-tida.
Eg og Elin gjekk ein liten tur etter frukosten. Sola skein så fint, og vi fekk tatt bilder av det vakre vinterlandskapet. Vi endte opp i skuggekrangel på turen, noko som resulterte i nokre stilige bilder.


























Flott side, Gunhild! Du tar utrolige flotte bilder.
Vi sees over helga:)
Takk Christian :)
Hørast ut som en innholdsrik tur :)
Mange fine bilde! Tøffe skyggebilde :D