Vekas mandagstema er Liten/stor!
Til vekas tema har eg valgt ut eit bilde som eg scanna inn til ei framsyning i Mormor si minnestund. Bildet er tatt på kjøkkenet til Mormor og Besten for 23-24 år sidan. Mormor er nok ei av dei eg har fått “kjøkkengenet” mitt frå, og dette bildet viser vel kanskje det?
Eg og Mormor har nok stått slik uendeleg mange gongar, og minna frå den tida er både mange og gode! Eg hadde tross alt verdas beste Mormor!






























