Archive for December, 2009


Julegåver 2009

Friday, 25.12.2009

Henrik – Sjokolade, gåvekort på hotellbesøk og middag
Lillebror – Varme tøfler, scrappealbum, silikongrytevottar
Storebor – Fiskeutstyr
Mamma og pappa – Sminkepung med innhald, stor gryte
Svigers – Gåvekort og varmehjarte med druekjernar
Tantegutten – Bildebok og boka “Gourmet piknik”
Anna – Scrappeutstyr og oppbevaringsperm for ark
Hannah – Gløggkrydder og gåvekort på ein middag
Onkel – Rømmebokshaldar
Dama til Lillebror – Dorullnisse og scrappealbum
Elev 1 – Nydeleg pynta fyrstikkøskje
Elev 2 – Glasengel
Elev 3 – Selbuvott til mobilen
Nissen – Tova vottar


Julaftan

Friday, 25.12.2009

Jula kom i år òg ho. Som vanleg var det Tre nøtter til askepott som gav meg julestemning. Dagen i går gjekk fort. Julefrokost med syltalabbar (mmmm), dekorasjonslaging, besøk på kyrkjegarden, damping av ribbe og koking av tilbehøyr, stappfulle magar og julegåveåpning gjekk sin vande gong. Her kjem eit knippe bilder frå gårdagen.


Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket


Lillejulaftan

Wednesday, 23.12.2009

Alt av mat har vorte handla inn, huset har vorte vaska, juletreet har kome opp og er pynta i sin finaste stas. Nystrokne dukar, julepynt og blomar har kome på borda. Eit par ekstra julegåver har vi også kjøpt inn, og eg og Anna har bytta gåver og fått ynskt kvarandre god jul. Midt i all handlinga tok eg og mamma oss tid til å bruke 15 minutt på kvar sin kaffikopp og eit aldri så lite kakestykke kvar. Neste gong skal vi ta oss betre tid, det er i allefall sikkert.

Photobucket

Photobucket

Og så må eg fortelje kva eg har fått meg. Eg trur ikkje det var ei julegåve, og hadde eg trudd det så hadde eg kaaaanskje ikkje opna konvolutten. Men i alle fall, eg har fått mine heilt eigne lappar til å merkje bakverk og andre heimelaga ting med. Og ikkje berre det, men det er min eigne bilder som pregar dei. Tusen takk Torunn :D

Photobucket