Eg har allereie reist oppatt til Trondheim. Eg og Storebror la i veg mandagskvelden, minst ein dag for tidleg etter min smak. Jula har vore fin i år òg! Å knuse Lillebror i rummy og mamma i sequense gjorde ho ikkje noke verre, for å seie det slik. Gler meg til mange fine besøk, både eine og andre vegen, neste år også! Fuglane heime i dalen har også hatt ei bra jul, og om nokon der ute ikkje har sett snurten av småfuglane utanfor døra i jula – eg veit kvar dei har tatt vegen!

Raudstrupe, spettmeis, kjøtmeis, båmeis, – og svarttrast har vore innom fuglematarane våre i år. (Det har truleg vore fleire innom medan fotografen har hatt pause). I begeistring glimta eg til og såg raudspette også, tru det eller ei! Kanskje var det iveren som tok overhand og slo saman raudstrupe og spettmeis, kven veit?
Spettmeisa har lagt på seg i jula, dèt kan eg skrive under på!

Og heilt til slutt må eg vise fram nissen som Storebror laga. Jordbær med sjokoladeturban på toppen, selleri til munn og kvitlauksost til auge. Søt?





































