Archive for November, 2009


Ferdige tøfler

Sunday, 22.11.2009

Då er tøflene ferdige. Måtte tovast to gongar, ein på 40 og ein på 60. Det ser ut til at eg har brukt fleire maskar enn på dei eg laga sist, men det får så vere. Dei vart fine!!! No skal dei tørkast, så skal eg sy på nokre små knappar som passar til ei lita nyfødd ei :)


Photobucket


Firkanttøfler

Sunday, 22.11.2009

Det har vore ei roleg helg, akkurat slik eg ønska meg. I går sat vi Bragevakt nokre timar, og eg kom godt i gong med strikking av eit bittelite par med firkanttøfler. Sjefen til Henrik har nett vorte pappa, og eg ville gjerne strikke til den lille jenta. Dei to små tøflene ligg no til toving i vaskemaskina, og eg er så spent!


Dagens lille strikkekrokk
Photobucket

Berre ti maskar, og så bitte, bitte lite
Photobucket

Photobucket

Ein tøffel ferdig
Photobucket

To tøfler ferdige
Photobucket


Eg gler meg til å sjå det ferdige resultatet. Det er heile to år sidan eg laga slike tøfler sist!


Juleølsmaking

Friday, 20.11.2009

Henrik har nokre kompisar på lønningspils, og dei er akkurat ferdige med juleølsmaking. Eg var servitør, observatør og diplomutdelar.


Straks klar til servering
Photobucket

Photobucket

Sjølvlaga vurderingsskjema
Photobucket

Resultat
Photobucket

Premie…
Photobucket

…og diplom – heimelaga sjølvklart
Photobucket