I dag har eg og Henrik kjøpt julegåve til kvarandre!
Tusen takk for gåva Henrik! :)

![]()
![]() ![]() |
Archive for November, 2009JulegåveBursdagsgåveLitt kjærleik, noko heimelaga med velvalde ord, oppmuntring til eigenpleie, og ei lita påminning om at det snart er på tide med litt slarv over ein kaffikopp. Tru det eller ei, det kom pakke til meg i dag òg! Anna hadde sendt meg ei forseinka bursdagsgåve, og eg vart så overraska. ![]() Legg merkje til at den fine “lærarposen” er heimelaga! Han skal få vere med på jobb i morgon, sjølv om eg ikkje har bestemt meg for kva eg skal ha i han.
NissejenteI dag kom endeleg pakken min frå panduro, og du kan tru eg har kosa meg med innhaldet. Henrik var klok og tok ein langdag på jobb, og eg vel å tru det var kun for at eg skulle få halde på i fred og ro :) Stor pakke…
Eg såg ingen grunn til å vente, så eg starta julekortlaginga med ein gong. Tok meg ikkje tid til å ta bilder av alt som var i pakken eingong. Men kort oppsummert inneheldt han alt eg treng til å lage årets julekort.
Litt fargar må til. Eg brukar “All purpose ink”, genialt! Mitt første stempel ferdig måla :) Dagens siste stempel er ferdig. Dette var utvilsamt det beste! Dagens resultat. Gler meg til eg er ferdig på arbeid i morgon! Ikkje nok med at verdens beste kjærast held seg vekk heimafrå når han veit eg treng det, han kjem heim med deileg take away-mat når eg ynskjer meg det til middag. Eg er lykkeleg! |
![]() ![]()
![]() ![]() ![]() |