Lys og varme

Det er siste dagen i november, og eg må vedgå at eg gler meg til jul! Det skal bli utruleg godt å kome heim til familien min ♥ Mamma har allereie baka løfse, og eg har bestilt syltalabbar, kvepsebol, riskrem og røykalaks – i tillegg til verdas beste lammeribbe!

Eg gjorde meg ferdig med helvta av julekorta i går, og eitt av dei er allereie på veg til Australia. Tenk at det er heile 7 år sidan eg feira jula mi saman med TanteG og resten av familien min Down Under!
Resten av julekorta skal skrivast ferdig i dag, slik dei kan postast i morgon. Men, før eg tek til med skrivinga skal eg kose meg med bok tre i Twilight-sagaen, og kaaaaanskje ein liten kopp kakao. Det er allereie varmt og godt her, lysa er tente, og eg har leita fram ullpleddet eg fekk av lillebror for snart eitt år sidan.

God varme
Photobucket

Adventsstaken vår
Photobucket

Og sjå! Eg har bytta ut påskelysa med julelys!
Photobucket

Photobucket

Kva gjer du på i kveld?

3 Kommentarar til “Lys og varme”

  1. mamma says:

    tjo og hei…trena spinning og bosu på Tren ej…no skal ej smøre resten av “løfsene” ! klem og hels og sånn…

  2. gunhild says:

    Kor flink du er! Eg skal på trening i morgon.
    Kan ikkje du sende oppover nokre løfsebitar til meg? ;)

  3. mamma says:

    trur nok ikkje det nei..jula er rundt neste nes og då er det frislepp på både lefser og anna godt ;-).(og så kan du ta med resten oppatt så det legg seg rundt din mage og ikkje min og pappa´s…..

Legg igjen ein kommentar