Archive for November, 2009


Lys og varme

Monday, 30.11.2009

Det er siste dagen i november, og eg må vedgå at eg gler meg til jul! Det skal bli utruleg godt å kome heim til familien min ♥ Mamma har allereie baka løfse, og eg har bestilt syltalabbar, kvepsebol, riskrem og røykalaks – i tillegg til verdas beste lammeribbe!

Eg gjorde meg ferdig med helvta av julekorta i går, og eitt av dei er allereie på veg til Australia. Tenk at det er heile 7 år sidan eg feira jula mi saman med TanteG og resten av familien min Down Under!
Resten av julekorta skal skrivast ferdig i dag, slik dei kan postast i morgon. Men, før eg tek til med skrivinga skal eg kose meg med bok tre i Twilight-sagaen, og kaaaaanskje ein liten kopp kakao. Det er allereie varmt og godt her, lysa er tente, og eg har leita fram ullpleddet eg fekk av lillebror for snart eitt år sidan.

God varme
Photobucket

Adventsstaken vår
Photobucket

Og sjå! Eg har bytta ut påskelysa med julelys!
Photobucket

Photobucket

Kva gjer du på i kveld?


Søndagsmiddag

Sunday, 29.11.2009

For ein herleg søndag! Ute er det kaldt og vi har fyrt i omnen sidan vi stod opp. Vi har hatt Bragebesøk, og eg har laga fleire julekort medan Henrik har spelt tv-spel. No ventar vi middagsgjestar og på menyen har vi sodd med poteter, gulrot og flatbrød. Til dessert blir det heimelaga riskrem og saus:)


Photobucket

Og sjå den nye adventsstaken i vindaugskarmen, er han ikkje fin?


Bokliste 2009

Friday, 27.11.2009

Marcia Evanick – Søte sommernetter
Diane Setterfield – Den trettende fortellingen
Marian Keys – Er du der ute?
Elizabeth Kostova – Historikeren
Cecilia Samartin – Drømmehjerte
Cecilia Samartin – Señor Peregrino
Jodi Picoult – Min søsters vokter
Stephenie Meyer – Evighetens kyss
Stephenie Meyer – Under en ny måne