Torsdag reiste eg altså heim. No når eg ikkje er student, er det lite lønsamt å ta buss. Flybillett + bussbillettar til og frå flyplassane endte på totalt 400 kroner meir enn om eg hadde tatt buss, og eg sparte meg for 14 timar på buss. Herleg! På turen kosa eg meg med musikk og sudoku, og kameraet mitt, sjølvsagt. Å flyge er slik ein avslappande måte å reise på!





Fredag regna det, så arbeidet med å få veden i hus vart utsett til laurdag. Eg og mamma tok oss heller ein tur til sentrum for å handle. Eg vart tvinga med på kafè for å drikke kaffi og ete deilig mørk sjokoladekake med smørkrem. Makan altså ;)
Laurdag var det fint vêr, men trass i at sola kika fram mellom fjella, var det bitande kaldt. Eg kledde meg i 4 lag kle og starta på arbeidet. Måtte kaste litt kle etterkvart, for jammen blir ein varm av å kløyve ved!
Pappa saga, eg kløyvde og mamma lødde. Vi fekk laga 3 pallar med flott ved før mamma frista med sukkersalta lammekjøt til middag… då åt vi oss så mette at det ikkje freista å gå ut att.
Mamma og pappa legg ein slagplan for arbeidet
Pappa saga, eg kløyvde


Mamma stabla

…ein kan finne kjærleik i god ved :)
