Eg har spandert på meg eit nytt brettspel i dag. Det er ei fin lita reiseutgåve av Scrabble, berre at ein brukar terningar til brikker, i staden for dei vanlege brikkene. Lyst til å kome på spelekveld Hannah?
Spelar ein legg ordet styre, og reknar saman poenga sine.
spelar to legg ordet binda, og reknar saman poeng for orda:
binda, by, ir og ne.

Spelar ein plukkar vekk terningane som danna ordet styre, kastar terningane, lagar ordet vonar og reknar saman poenga.

Spelar to plukkar så vekk terningane som danna ordet binda, kastar terningane og legg på eit nytt ord på brettet. Slik held ein fram til eine spelaren når 200 poeng. Kjekt!



























