Archive for September, 2009


Mamma sin tur

Monday, 21.09.2009

I går annonserte eg at de skulle frå sjå bilde frå ein av mamma sine fine fjellturar, og her kjem dei!


Flotte haustfargar!
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket


Helg

Sunday, 20.09.2009

Eg har hatt ein kjempefin søndag! Middagsgjestar og is med non stop til dessert, kan det bli betre?
I går kosa eg og Henrik oss med smågodt og brus, mm! Og så smakte vi skyr med jordbær og granateple. Mmmm, igjen :)

I morgon skal de få sjå bilde frå ein av mamma sine fjellturar. Gled dykk!


Photobucket

Photobucket


Badekarpadling

Saturday, 19.09.2009

Vi gjekk ein tur til byen i dag, rett og slett berre for å vere ilag, to-saman. Det vart verken kaffe eller kake, slik vi hadde planlagt, men det vart ein fin tur likevel. På tur til Krem, ein kafè med deilige kaker, oppdaga vi at det skulle ver badekarpadling i Nidelva. Vi snudde, og tok turen til Marinen for å sjå korleis det gjekk føre seg.

Padlinga hadde starta då vi kom, men vi rakk å få med oss både fartøya og kampane som gjekk føre seg ute i elva. Folk hadde samla seg på brua for å få god oversikt, vi stod på elvebarden. Fekk tatt nokre bilder, trass i litt dårleg utsikt.

Det vart kasta fiskerask, egg, gamal frukt og mykje anna frå fartøya. Nokre hadde bygd veggar rundt flåten sin, andre stod meir utsett til. Nokre av deltakarane kasta seg i elva, andre fekk hjelp av motstandarane. Det såg ut til at dei hadde det rett så kjekt, og bi kunne ikkje anna enn å flire. Bileta talar for seg sjølv trur eg :)


Kommentatoren hadde den beste utsikta
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Slik såg elva ut etter moroa… ikkje bra!
Photobucket