Archive for September, 2009


Søndag

Sunday, 27.09.2009

Eg har hatt ein flott søndag! Fekk godtfolk på frukostbesøk klokka 11, og endå meir besøk etter frukosten. Har oppdatert meg på eit par tv-seriar, fiksa sykkel, sett tv og ete is, prata med mamma ein times tid, og ikkje minst gått kveldstur åleine i mørket. Eller, ikkje heilt åleine då… hadde med eg kameraet mitt :)


Photobucket

Korleis har din søndag vore?


Fin laurdag

Saturday, 26.09.2009

Har du hatt ein fin laurdag?


Frukosten min
Photobucket

Vi rusla i byen og var innom bondens marked og forskningsdagane, som heldt til på torget. Var ein liiiiiten tur innom te og kaffehuset, og gjekk på kafè og åt kake.


Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Kakao med krem, kanel og after eight!
Photobucket

Deilege, søte, klissete og mmmmm goooode sjokoladekaka!
Photobucket

Photobucket

Photobucket

…det har i alle fall eg!


Gunhild er kul

Friday, 25.09.2009

Eg har gått frå å vere den dumme, den teite, den fæle og den ufyselege vikaren som ååååh, er heilt idiot…. til å bli kul :) Treng eg å fortelle at eg har kosa meg stort denne veka?

Etter ein avtale med to av elevane mine, som dei braut, fekk dei ei passande straff med meg i dag. Dei måtte gå rundt med skilt rundt halsen, der det stod: Gunhild er kul. Eg hadde ikkje trudd dei kom til å like det, men det gjorde dei altså! Dei spurde til og med om eg skulle vere vikar neste veke, og jubla høgt når eg sa eg kom tilbake på torsdag og fredag. Etter jubelen var over lurte dei på om dei kunne få lov til å ha på seg skilta kvar gong eg var der :)

Då skuledagen var over hadde dei hengt frå seg skilta på knaggane sine, herlege ungane :)


Photobucket