Det er ikkje mykje nytt å kome med herifrå. Eg har fått arbeid heile denne veka, heldigvis! Kosar meg stort, og blir berre meir og meir fornøgd med kvardagen min. Henrik er på HV-øvelse og eg skal prøve å nyte nokre dagar heime åleine. Skulle liksom vere flink til å lage med middag, men i dag måtte eg ty til frysarmat. Heldigvis laga eg rikeleg med pirogar då eg hadde bakstedag :)
Elles har hausten kome for fullt. Vi har ikkje hatt ein einaste regnfri dag sidan eg var på tur for to veker sidan. Det har blitt betydeleg kaldare, og eg har leita fram ulljakka mi til i morgon. For min del kan det godt slå om til varmare vêr snart!

















Åh, det ser godt ut med fyr i omnen :)
Sku ønske omnen her óg var på stova… :p