Eg gjekk innom gjenbruksbutikken på vegen heim i dag, fine butikken. No når eg skal vere fast på ein skule så lenge, må eg nesten ha min heilt eigen kaffikopp, er du ikkje einig? Eg har leita ei stund etter ein som eignar seg som lærarkaffikopp, og i dag fann eg han! 5 kroner kosta han, og eg skal ta han med på jobb i morgon.





















