Eg drikk kakao frå verdas største kakaokopp, spelar ordspel, skriv ønskeliste til bursdagen min, og les bloggar. For å seie det veldig enkelt; eg kosar meg! Vi har ein avslappingskveld framfor kvar si datamaskin, og eg trur at planen om å sjå ein film saman kjem til å gå i vasken. Vi får ta det att med kino på fredag i staden, for det har eg verkeleg lyst til.





















