Byturen vart mykje betre enn forventa, og då skal du vete at den vart bra! Henrik vakna før eg fòr, så søtingen sendte med meg bankkortet sitt :) Takk snille Henrik, eg har storkosa meg noko alvorleg! Sjå berre her:
Frokost på ein benk i gågata

Rusla opp gågata og vart glad av alt som var å sjå. Immatrikulering av nye studentar ved NTNU, folk som sang og dansa, andre som spela på instrument, gratis barnepass med tauhopping, skigåing og mykje, mykje meir!
Etter rusling og handling var eg innom Lille Saigon og kjøpte lunsj til meg og Storebror. Han sat nemelg på kontoret og jobba, og ville gjerne ha varm-mat til lunsj. Eg fekk lest litt i den nye boka mi til maten var ferdig, gler meg til å lese vidare. Så lunsja eg og Storebror, og han fekk vist meg den nye mobilen sin :)
Eg fekk kjøpt meg både bukse, sko, ein fin liten boks, ein liten søt magnet, nokre smågåver og kort, og ei bok. Kan eg ønske meg meir? Eg er så fornøgd at eg sit her og smiler :)
Har du hatt ein bra laurdag?



























