Barnebursdag

Vi har hatt barnebursdag i heimen og i alt var vi 6 vaksne og 2 søte små (ok da, dei er ikkje små lengre). Snop, brus, daim-iskake, blåbærmuffins og ein heil haug med sveler vart servert. Har enno litt att, men forhåpentleg kjem det ein kar eller to i kveld for å hjelpe oss å ete opp.

Eg laga svelerøre etter Mormor si oppskrift. Fekk den av ho over telefon for ganske nøyaktig 9 år sidan, så det var litt stas å bruke akkurat den oppskrifta i dag. Hugs alltid å få med dato når du får oppskrifter, seier eg berre! Legg merke til at svelene vert avkjølt på ei trerist, den har eg arva etter verdens beste Mormor. Truleg har Besten laga den til ho, og likeins reparert den, ute i smia.


Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Iskaka vart pynta med sjokoladebokstavar, og ikkje minst lys. Litt vanskeleg å plassere ut 28 lys, så løyste det på den enkle måten… 2 lys på eine sida, 8 på den andre. Det vart ei flott kake, og ho smakte aldeles fortreffeleg!


Photobucket

Bordet vart pynta med OleBrumm-fat, slik det skal vere i ein ekte barnebursdag. Rosene på bordet er restar etter buketten eg fekk med Henrik for ei veke sidan, for fin pynt skal det også vere på eit barnebursdagsbord, må vete.


Photobucket

Photobucket

6 Kommentarar til “Barnebursdag”

  1. Harew says:

    Svelene var utrolig gode!! Sitter faktisk å mumser en nå :D

  2. Anna says:

    ÅH :D NAM!
    Det ser ut som dåkke he hatt det knall!!! Sku ønske ej også kunna vør der ;)
    So flink du e å ordne til :) Tenke mej det va en stk. fole gla’ unge på 28 år i dag!

  3. gunhild says:

    :) Mhm, dei vart visst det. Må nok servere det neste gong det skal feirast også!

  4. mamma says:

    ….skulle sett deg no ,ho Mormor – og kanskje gjer ho nettopp det …

  5. gunhild says:

    Mormor ja, ho får vel med seg svelesteiking :)

  6. [...] Henrik har bursdag i dag, hurra! Henrik inviterte altså til barneselskap med alt som høyrer til. i fjor var det Ole Brumm-tema, i år vart det monster. Det var litt usikkert kor mange som kom, så [...]

Legg igjen ein kommentar