Archive for July, 2009


Turbukse

Sunday, 12.07.2009

For ei tid tilbake fekk eg ei overrasking på kontoen min, det var bestefaren til Henrik som hadde ført over eit lite bidrag til sommaren. Er eg glad i å gå turar i skog og mark, og eg har lenge vore på jakt etter ei god turbukse som eg kan ha til slikt bruk. Då eg var heime i sommer fann eg ei flott Bergans-bukse som eg likte kjempegodt. Den kjøpte eg meg for bidraget frå Bestefar-Oslo! (Og enno har eg meir att) Buksa har allereie fått vore med på ein hyttetur og ein fisketur, og i dag hadde eg ho på meg då eg og Henrik var på Matatur.

Vi bestemde oss for å ete middagen ute i dag. Eg pakka sekken med stormkjøkken og mat, og så sykla vi avgårde. Det var kjempekoseleg, og maten var så god! Den som nokon gong har ete mat som er tilberedt på stormkjøkken, på eit svaberg, ein søndags ettermiddag, ja den veit omtrent kor godt det smakte :)

Mi nye flotte turbukse!

Spork, ei genial oppfinning!
Mmmmmmm

Poudre de cacao

Friday, 10.07.2009

I dag er det den store "kose-seg-dagen" :) Henrik tok ut nokre timar avspasering få jobb og vi åt ein deileg lunsj i byen. Traska litt rundt i butikkar og kika oss rundt, berre kosa oss eigenteg. Eg har fått meg Valrhona kakaopulver, og to pocket-bøker eg skal skal kose meg med framover – takk snille kjæresten min :)

Har selvfølgeleg allereie laga kakao av kakaopulveret, og den vart kjempegod! Laga ein enkel espresso i koppen før eg tømde i kakaoen, og DUH kor godt det var :) Blir ikkje den siste eg lagar nei, i morgon blir det vel ein med kakao og sjokoladedryss på tenkjer eg :)

Mmm, måtte visst ha eit par varme kanelsnurrar til kaffien


dagens utflukt

Wednesday, 8.07.2009

Kika ut då eg vakna i dag, gråe skyer og duskregn, kva skulle eg finne på? Eg har lenge vore fast lesar av bloggen til ContainerGirl, og har hatt veldig lyst til å stikke innom for å finne meg ein skatt i butikken hennar. Sekken vart pakka med regnbukse, fotoapparat og niste, så bar det avgårde for å finne den fine butikken.

Eg og sykkelen ventar på toget

Sekk og hjelm må vere med

Framme i Stjørdal

Utsikt mot Værnes

Endeleg eit skilt eg kjende att frå bloggen!

Litt etter fann eg butikken òg!

Eg fann ikkje så mykje som freista, men ei fin glas-skål med lok fekk vere med meg heim. Eg har ferie og all verda med tid, så då eg var ferdig i butikken tok eg turen inn til "sentrum". Drakk kaffe og åt ein god lunsj på Egon, kosa meg gjorde eg!!

God kaffe med krem og sjokoladedryss

Kylling i pitabrød

Vel heime fekk skåla plass i det flotte skapet vårt

…i hylla saman med favorittskåla mi :)