sidan sist

Det er framleis ferie, og eg nyt det til det fulle. No har vi besøk av eit vennepar av oss frå Oslo, Lillebror kjem snart oppover, foreldra mine kjem ein tur neste veke… alt i alt blir det mykje besøk framover. Det har ikkje vore det beste veret dei siste dagane, men trass i det har vi hatt det kjempefint. Gler meg til meir besøk, konsert, tur til Munkholmen og ferske reker på Rafnklau!

Gjestane våre får slike gåver på senga :)

Sidan sist har eg baka loff

Vi har vore på tur rundt Nidarosdomen…

…og sett på verka til dyktige steinhoggarar

Ellers har Henrik har laga sjokoladekake, vi har spelt mykje xbox, laga god mat og ete lunsj på Lille Saigon, og ikkje minst supa oss mykje god kaffe.

Ein kommentar til “sidan sist”

  1. [...] med B&J, Sjokolade-på-handdukane-gjestane våre. Dei er så nær toppen som det går no, og gullsjokoladen vår måtte degraderast. Vi fekk nemleg Lindt sjokoladekuler på våre handdukar, og han var [...]

Legg igjen ein kommentar