namnlaust monster

I dag har eg tatt symaskina ned frå loftet for å sy litt igjen. Er altfor lenge sidan sist, dessverre. Laga eit lite monster som enno ikkje har noko namn…
Likte eigentleg ikkje resultatet, for det vart for vanskeleg å stappe i hender og føter. Henrik derimot meinte monsteret var kult, så då får han ha det på kontorpulten sin :)

Eg har brukt:
*Restestoff frå IKEA
*Sytråd eg fekk med symaskina
*Knappar frå ein stor knappepose eg fann på Gjenbruksbutikken
*Gul sytråd for å feste augene, også frå Gjenbruksbutikken
*Ferdigklipt raudt filthjerte (Ja, frå Gjenbruksbutikken)
*Broderitråd til å sy på filthjertet, kjøpt i Australia
*Innmat, fyll frå sofaputene vi fekk av mamma
*Måling til munn, restar frå min første handarbeidshobby

Klippe, Klippe

Nåler i bakenden

Søtt :)

Litt av eit syn ;)

Ferdig montert

Ferdig stappa, og måla

Legg igjen ein kommentar