Det er framleis ferie, og eg nyt det til det fulle. No har vi besøk av eit vennepar av oss frå Oslo, Lillebror kjem snart oppover, foreldra mine kjem ein tur neste veke… alt i alt blir det mykje besøk framover. Det har ikkje vore det beste veret dei siste dagane, men trass i det har vi hatt det kjempefint. Gler meg til meir besøk, konsert, tur til Munkholmen og ferske reker på Rafnklau!
Sidan sist har eg baka loff


Vi har vore på tur rundt Nidarosdomen…



…og sett på verka til dyktige steinhoggarar







Ellers har Henrik har laga sjokoladekake, vi har spelt mykje xbox, laga god mat og ete lunsj på Lille Saigon, og ikkje minst supa oss mykje god kaffe.























