Archive for June, 2009


Nesten ferdige blomsterbed

Tuesday, 23.06.2009

No er eg endeleg i gang med å plante i beda "mine". Var på Plantasjen og kjøpte plantar i går, og i dag har dei kome på plass. Må nok få tak i litt meir å ha i dei, men det får bli etterkvart. I det lille bedet skal eg ha 4 spanske margerittar til, i to lilla-/rosafargar til, tenkte eg.

I det store bedet sette eg ikkje ned plantene heilt etter midten, lurer på kva eg skal ha på den åpne plassen no? Reknar med at både rosene, margerittane og salvien vil vekse seg større og dekke ein del av den, men ikkje i år. Og her skal det løkar nedi til hausten, slik at bedet blir vakkert til våren att også :)

Det lille bedet før planting

Etter planting

Nydeleg farge!!

Det store bedet før planting

Etter planting

Bilde tatt frå altanen

Nydeleg farge her og gitt :)


nye kupp på gjenbruksbutikken

Monday, 22.06.2009
Endå fleire små-bøker, no har vi 49!

Nye dukar til nattbord og pult

Snacks-skål med 3 rom

2 store koppar til kaffe med krem :)

Alt til den nette sum av… 135 kroner :D

Og så måtte eg innom butikken på hjørnet og kjøpe meg lunsj. Nysteikte vårrullar, rett frå gryta, og sursøt saus.


Stratoskjeks

Monday, 22.06.2009

Gårdagens filmkos var blant anna desse kjeksa her.
Eg vart ikkje imponert, men stratoselskaren Henrik likte dei :)