Hyttetur dag 1

Eg har vore på hyttetur :) Eg og mamma reiste inn på torsdag, og pappa og lillebror kom innover på fredagskvelden. Eg har lagt ut bilete av hytta før, så det gjer eg ikkje no.

Eg og mamma kjøpte oss verdens største minste softis før vi køyrde opp til hytta. Vi kunne velge mellom small, large eller x-large is, og vi skulle vere fornuftige og ta kvar sin small. Vi storflira då vi gjekk ut, for det var dei største softisane vi hadde sett nokon gong. Her er bilete tatt saman med skoen min (som er sørrelse 37)

Vel framme vart vi møtt av 9 kyr som er på sommerferie frammi dalen der hytta er. Vi fekk inn mat og bagasje, og tende opp i omnen. Deileg å vere dei einaste på heile sætra!

Ein trast hadde laga reir på det nedfellbare bordet vårt

Det var også reir i treet ved nabohytta

…med egg i

Klokka 11 om kvelden gjekk vi tur inn til vatnet, nydeleg!

Legg igjen ein kommentar