Laurdag starta vi med steikte kræ til frokost, det smakte akkurat som det skal smake!

Etter frokost gjekk eg og lillebror i elva og fiska igjen, eg fekk 14 kræ, medan lillebror fekk 11. 6 var store nok til å ha til mat, dei skulle varmrøykast. Søndag fyrte vi opp Abu-Røyken og forberedte fisken. Krydra han med salt, pepar, grasløk, kvitløk ol.
Fisken har kome på plass

Røyking på gang


Nesten ferdige
Det ferdige resultatet har eg ikkje bilete av, dessverre. Kræene må etast varme, så eg brukte ikkje opp tia på slikt tull :p Om det var godt? Selvfølgeleg! Litt lite røyka-smak, men det får vi prøve å gjer noko med til neste gong :)



























