Archive for March, 2009


Bilete før oppussing…

Wednesday, 18.03.2009

I januar tok eg og Henrik over leilegheita vår. Vi starta riving av kjøkken og bad berre nokre få dagar etter overtakinga. Alt arbeidet har gått strålande, og heldigvis har det ikkje dukka opp noko uforutsett undervegs. Vi har rive ned lag på lag på lag på lag (osv.) med diverse tapetar, strier og treverk, alle med fleire lag maling på seg. Det har kome ganske så tydeleg fram at vi har kjøpt ei gammal leilegheit som har vore pussa opp fleire gonger sidan huset vart bygd. Trenden har visst vore å legge eit nytt lag utanpå det gamle.

Etter 2 månader med intens jobbing er vi endeleg ferdige. Vi har budd her snart tre veker, og vi nyt det! Det står fortsatt att litt listverk på kjøkkenet, benkeplata må pussast og oljast nokre gongar til, og det skal opp ei glasplate bak platetoppen. Og gardiner? Det kjem når eg finn fine ferdigsydde, eller når mamma kjem oppover og kan hjelpe meg å sy ;)

Her er bilete av kjøkkenet slik det var før vi tok til med riving og oppbygging. Bilete av dagens kjøkken kjem etterkvart, det gjeld også bilete av resten av romma.