Archive for December, 2008


Smultringar og kransekakepynting

Monday, 22.12.2008

Eg og mamma laga smultringar i dag. Første gongen for oss begge to, spanande! Laga etter oppskrifta på "smultring-lagar-pakken", noko som førte til at vi laga i uhorvelege mengder :p

Eit hav av smultringar, 110 i talet!

Mamma hadde laga kransekaker før eg kom heim. Eg smelta sjokolade og pynta siste rest i dag.

Fine kakene :)


årets peparkakehus

Sunday, 21.12.2008

Eg og lillebror laga peparkakehus i går. Det treng ikkje sjå vakkert ut berre det smakar godt, var mottoet vårt :p Og i disse kjøp- og salg-tider laga lillebror eit Notar-skilt utanfor huset… :P


jul

Friday, 19.12.2008

Eg har laga kransekakestenger, vaska leilegheita og skrapa ferdig adventskalender frå både Yezz! og Flax. Kofferten er pakka, og eg har nok med meg for mykje heim, som alltid.

Gler meg til å kome heim til litt julestemning, familie og god mat!