Archive for September, 2008


Ny bukse og ny jakke

Monday, 15.09.2008

Litt feil fargar på bileta, men det får vere. Det er mørkt her, så då vart bileta deretter. Jakka er eigentleg svart.


Dagens lunsj

Monday, 15.09.2008


Bileter frå tur i Granåsen

Saturday, 13.09.2008

I dag har eg vore på tur i Granåsen saman med klassa mi. Vi har hatt litt om tre, plantar, mosar, lav og sopp. Planen var å finne ein del etande sopp, og steike den på stormkjøkken. Vi fann store mengder sopp, men det vart for lite til å steike.
Den eine soppen vi fann mykje av tok vi med heim. Han skal frysast og brukast til å farge garn i vinter ein gong.

Granmatriske, matsopp, fin å farge ull med

Kantarell, matsopp

Traktkantarell, matsopp

Tranebær. Dei smakte faktisk ganske godt

Det kom ein elgkalv tuslande medan vi åt lunsj

Augestikkar

Liten frosk i små barnehender

Frosk i positur