Archive for September, 2008


Kjærleiksryllik

Saturday, 20.09.2008

Frå torsdag til i dag har eg vore på hyttetur saman med klassa. Eg har hatt det kjempefint, og både lært og opplevd mykje.

I omnen har eg ein stor heimelaga pizza og i kjøleskapet ventar et par boksar cola. Resten av laurdagskvelden skal brukast til å nyte sofaen.

Ha ein fin laurdagskveld allesaman!

Kjærleiksryllik :)

mintkakao

Wednesday, 17.09.2008

Etter eit par timar ute i frisk luft var det godt å kome innatt.
Varma meg på ein stor kopp mintkakao med krem og sjokoladestrø :) Nam!


Prosjekt hobbybord

Wednesday, 17.09.2008

Prosjekt hobbybord starta for eit par veker sidan. Eg bestemde meg for å pusse opp (evt. pusse ned) ei gamal bordplate og lakke den oppatt. Eg treng nemleg eit hobbybord som eg kan ta føtene av, og lagre i gangen.

Eg kjøpte ei crappy pussemaskin på Jula. Maskina var så fantastisk elendig at eg leverte den tilbake. Heldt på å brenne av meg fingertuppane på sjølve handtaket, ergo: lite aktuell å bruke.

I går fekk eg oppover pappa si gode gamle pussemaskin. Den funka som gull! Pussa i vel ein og ein halv time, so sa eg meg fornøgd.

Støvete? Eg?